10.6. GIMPressionist - Storleikshandteraren

10.6.1. Oversyn

Storleikshandteraren er ein del av filteret GIMPressionist. Du opnar handteraren ved å klikke på knappen Rediger i fanen «Storleik» i innstillingane for dette fiteret. Handteraren blir brukt til å bestemma kor store malingstrøka i filteret skal vere.

10.6.2. Innstillingar

Figur 16.180. Innstillingane i dialogen «Storleikshandteraren»

Innstillingane i dialogen «Storleikshandteraren»

Det er råd å setje inn ein eller fleire vektorar som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma styrken for kvar enkelt vektor.

Smvektorar

Dette vindauget blir brukt for å plassere vektorane. Ved å klikke på knappen Legg til blir det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Når du klikker på den midtre museknappen vil vektoren bli flytt til der du klikka. Den aktive vektoren er raudfarga med eit kvitt punkt i den eine enden, dei andre vektorane er farga grå.

Dersom du klikkar på den venstre museknappen, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.

Klikk med den høgre museknappen har ingen verknad.

Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane << og >>.

Klikk på knappen Fjern for å slette den aktive vektoren.

[Tips] Tips

Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane.

Førehandsvising

Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men viser reint skjematisk korleis vektorane verkar inn på biletet. Storleiken på firkantane viser penselstorleiken og penselstyrken.

Storleik

Her bestemmer du kor store penselstrøka skal vere i det valde sektorområdet.

Styrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande område, og avtar med avstanden.

Styrkeeksp.

Endrar eksponenten for styrken på penselstrøket.

Voronoi

Sjå under Retningskarthandteraren for ei nærare forklaring.