10.5. GIMPressionist - Retningskarthandteraren

10.5.1. Oversyn

Retningskarthandteraren er ein del av filteret GIMPressionist. Du opnar handteraren ved å klikke på knappen Rediger i fanen «Orientering» i innstillingane for dette fiteret. Handteraren blir brukt til å bestemma retninga for malingstrøka i filteret.

10.5.2. Innstillingar

Figur 16.179. Innstillingane i dialogen «Retningskarthandteraren»

Innstillingane i dialogen «Retningskarthandteraren»

Det er råd å setje inn ein eller fleire såkalla «vektorar» som vil vere verksame på det tilsvarande området i biletet. Du kan bestemma både retninga og styrken for kvar enkelt vektor.

Vektorar

Det venstre vindauget (Vektorar) blir brukt for å styre vektorane. Når du opnar dialogvindauget er det sett inn ein vektor i sentrum av biletet. Ein utvald vektor er farga raud, dei andre vektorane er grå. Spissen (ankerpunktet) av vektoren er markert med ein kvit prikk.

  • Du kan legge til ein vektor i midten av biletet ved å klikke på knappen Legg til. Klikk med den midtre museknappen for å flytte vektoren til der du klikka.

  • Dersom du klikkar på den venstre museknappen, vil den aktive vektoren bli flytt til dit musemarkøren er plassert.

  • Dersom du klikkar på den høgre museknappen vil den aktive vektoren peike til dit musemarkøren er plassert.

  • Du kan flytter fokus til neste vektor ved hjelp av knappane << og >>.

  • Trykk på knappen Fjern for å fjerne den markerte vektoren.

[Tips] Tips

Rulleknappen til høgre for vektorpanelet blir brukt for å setje lysstyrken på biletet. Bruk denne dersom det er vanskeleg å sjå vektorane.

Førehandsvising

Dette er ikkje ei vanleg førehandsvising, men gir eit inntrykk av korleis vektorane verkar inn på biletet.

Type

Dette er ulike måtar å påverka området rundt den aktive vektoren på. Verknaden blir vist i førehandsvisinga, og er for kompleks til å kunne beskrivast på fornuftig vis.

Voronoi

Eit «Voronoi-diagram» deler eit plan med n hovudpunkt inn i n polygon der kvart polygon inneheld eitt av dei n hovudpunkta. Dei andre punkta i polygonet er nærare dette hovudpunktet enn dei andre hovudpunkta. Grensa for polygonet er altså halvvegs mellom to hovudpunkt. Her er eit eksempel på eit voronoidiagram:

Når det er avmerka for dette valet, vil bare den vektoren som er nærast eit gitt punkt påverke dette punktet.

Vinkel

Retninga til den aktive vektoren. Verknaden er den same som når du klikkar med den høgre museknappen nemnd ovanfor.

Vinkelforskyving

Med denne glidebrytaren forandrar du vinkelen til alle vektorane samstundes.

Styrke

Med denne glidebrytaren bestemmer du styrken til den aktive vektoren. Styrken avgjer kor mykje vektoren skal påverka nærliggande vektorar, og avtar med avstanden. Lengda på vektoren viser styrken.

Styrkeeksp.

Denne glidebrytaren styrer styrken på alle vektorane samstundes.