![]() |
Framsida ![]() |
|
Torvevegen![]() |
Torvevegen er truleg ein liten del av det nettverket av vegar som frå gammalt av knytte gardane og andre bruksområde saman på heia. I nyare tid, heilt fram til ca. 1950, blei Torvevegen ein rein bruksveg for garden Stuestøl, nytta til å bera heim høy frå utslåttene, mjølk frå sommarfjøset, frukt frå eplehagen, ved frå der han måtte finnast og sjølvsagt brenntorv frå Veigjemyra. Vegen var god å ha når kyrne skulle heim, eller for ein fisketur til Gulltjenna. Frå dei dåverande gardshusa, både «Der oppe» og på Øvrajordet, og til Sommarfloren var det sledeveg, resten gangsti. Total lengde ca. 1,5 km merka løype. Langs vegen er det sett opp plakatar med opplysningar som kan vera av interesse. Noen plasser kan stien ha fleire løp som blei brukte etter kor vått det var i marka. Andre stader kan trakk etter elg og andre dyr gjera det vanskeleg å finna den rette stien. Er du usikker, følgj merka løype. (Merka med plaststrimlar. Fy! --- Tar gjerne mot forslag til andre, meir naturvenlege måtar å merke på). |
I området langs vegen finst det elg, hjort, rådyr, gaupe, mår, ikorn og mange andre dyr som du kan vera så heldig å møta eller i det minste sjå spor etter. Frå midten av mai til midten av juni bør du trø varsamt. Ei elgku med nyfødt kalv kan vera direkte farleg. I jakttidene for rådyr, hjort og elg blir det tidvis drive jakt i området. Det betyr at du frå midten av september og fram til jul kan dumpe borti noen jegerar, eller kanskje til og med eit elgjag. |
![]() |
Ned til Gullkrogjen er bare den mest brukte stien merka, denne er svært bratt og tung å gå, sjølv utan noe å bera på. (Turistkontoret meinte vi måtte setje opp ei åtvareng: «Bare for spreke folk»). Den streka vegen på teikninga viser ein umerka sti ned til Gullkrogjen, som tidlegare var dyrka mark, nå øydelagt av beveren. Torvevegen er eigentleg ein sideveg til ein «hovudveg» på langs av heia frå Hægebostad til Bringsjord i Lyngdal. Planen var med tida å rydda stien bort til denne hovudvegen og vidare til nabogarden. Men i mellomtida blei det eigarskifte der, og planen blei lagt på is. Midt på 1990-talet fekk vi offentlege tilskot for å rydde og halde vedlike torvevegen, som då blei kalla «Stuestøl kultursti». I og med at garden er for liten, er det nå slutt på alle jordbrukstilskot. Arbeidet med stien skjer difor når vi finn tid og lyst til det. Sidan vi ikkje treng merkinga for vår eigen del, er det nok denne delen det blir gjort minst med. I høyonna, og av og til elles, kan du møte på traktorar og andre større maskinar i bakken mellom Nedrajordet og Øvrajordet. Ver gild å gi plass for denne. Det er ikkje alltid like raskt å stoppe noen tonn på veg nedoverbakke. |
| Om oss | Kleivvannet |Hytta | Torvevegen | Jakt | Gardsdrift |
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 16. januar 2012 |