![]() |
Framsida ![]() |
|
Litt om folka på gardenVi driv lite jordbruk på garden for tida. Kan vel seie at vi hadde ikkje tid og råd til det etter at staten i 2002 fjerna den vesle betalinga vi tidlegare hadde for å halde kulturlandskapet i hevd. Så hausten 2002 leverte vi resten av sauene til slakt. Ei meir enn 250 års historie, med noen få avbrot, er nå avslutta. Kanskje kan tidene igjen skifte slik at det blir rå å halde husdyr også her. Kven veit. |
|
Else Mary er mellom anna ein framifrå kokk, og vil etter kvart dele noen av kunnskapane sine med andre på desse sidene. Spesialinteressene innan dette faget er tradisjonsrettar frå Kvås og distriktet rundt. Tar gjerne i mot forslag, tips og oppskrifter. Ho driv også og lagar dekorasjonar i alle slags materiale. (Sjå pyntegrøntsidene) Med tida får vi vonleg lagt inn noen fleire av produkta hennar på sidene våre. Opp gjennom åra har ho vore innom dei fleste jobbane som finst på ein gamleheim, frå kokk til fungerande leiar og vaskehjelp. Ein av dei få jobbane ho ikkje har hatt, er som vaktmeister. «Ingen jobb for liten, ingen jobb for stor». Kolbjørn er nå pensjonist, men arbeidde tidlegare som lærar, hovudsakleg i kunst og handverk, på Lista ungdomsskole i Farsund. Før det 23 år på Finnøy i Ryfylke som lærar, leiar av Ryfylke pedagogiske senter og pedagogisk konsulent. Har også vore «vejleder» (lærar) i det danske IT-kørekortet, og i det tilsvarande norske LærerIKT (som blei nedlagt då departementet oppdaga at målsettinga om å utdanne 40 000 lærarar på 3 år var utopisk). I tillegg til lærarprøva, som det heitte den gongen, har han diverse eksamenar innan naturfag, media og IKT. Den siste i juni 2003 i IT-pedagogikk ved Högskolan i Kalmar (Sverige), etter to svært interessante, men strevsame år med teori og praksis i ei effektiv blanding. Synd dette studiet er lagt ned. Hjelper av og til Else Mary med
vedhogsten og anna tilfeldig arbeid. Bare sånn i tilfelle du undrar deg over stjernelogoen i adresselinja: det er bumerket for garden. Helsing Else Mary og Kolbjørn |
|
| Om oss | Kleivvannet |Hytta | Torvevegen | Jakt | Gardsdrift |
|
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 12. april 2013 |