| Dei vestre bygdene i
Vest-Agder er rikt velsigna med bekker eigna som drivkraft til ulikt
maskinelt utstyr. Nesten kvar gard hadde såleis si kvern. Sidan
Stuestøl i si tid var delt i to bruk, har vi to kverner.
I dag renn bekken ubrukt forbi dei gamle oppmura rennene og støttene for trerennene (sloga) som førte vatnet frå stemmen til kvernkallar og turbinar. Bekken gav liv og verksemd til heiegardane og sikra såleis busetnad og levekår for bygdene. |
![]() Bekken gav nødvendig kraft til mange maskiner |
![]() |
Ingen veit når garden Stuestøl fekk den første
kverna, men den eldste som stå att er truleg frå 1805. Kvernhuset er
svært lite, tømra og hadde sjølvsagt torvtak. Opphavleg var
ytterkledningen av lindebork. Typisk nok står dette huset på
naboeigedommen, noe som var nokså vanleg. |
|
Den andre kverna er nyare, truleg frå rundt 1850, er bygd i panelt bindingsverk med torvtak, og inneheld også ei vedfyrt korntørke med vassdrive røring. Dessutan ei saltkvern. Kverna blei sett i stand ca.1920, då det m.a. blei sett inn nye kvernstein. Alt, med unntak av turka, blei restaurert på nytt 1990 - 1995. Mykje av arbeidet med sjølve huset blei utført av brørne Olav (far min) og Trygve, som begge var godt vaksne, dvs. over 80 år på den tida. Eg oppfatta det som eit munnhell når dei påsto at «det held i vår tid», men det var visst alvorleg meint, for i 2003 måtte taket leggjast om. |
![]() Kornturka |
Vil du sjå kva dei ulike delane av kverna heiter, trykk her.
Vonleg får vi eingong tid og råd til å bygge opp att tyngdehjulet og slogan (trerennene) som førte vatnet til hjulet. Vi har nok rester etter det gamle hjulet til at vi kan lage kopi. |
| Kvernhusa | Namna i kvernhuset |