Tilbake til startsida 

Framsida pil Kleivvannet

Kleivvannet

- eit fiskevatn i Kvås, Lyngdal -



Meny gardssidene
 
 
Kleivvannet
 
 
 
 
 

Alt frå gammal tid var auren i Kleivvannet kjent for å vera spesiell god. Ikkje så stor, men raud og fin i kjøtet og velsmakande. Då vi først på 1990-talet byrja kultiveringa av vatnet, var det framleis fisk igjen av denne gamle stammen.

I dag blir Kleivvannet kalka, og auren trivst så godt at vi kan ta ut ein del yngel for utsetjing i fisketomme vatn i nærleiken. Sjølvsagt under full veterinærkontroll med omsyn til parasittar og sjukdommar.

Som eit resultat av kultiveringsarbeidet, er det i dag faktisk for mykje fisk i vatnet, og difor er han i slankaste laget. I tillegg er aldersfordelinga noe ujamn med overvekt av ung fisk. Etter kvart vil dette stabilisera seg, med litt hjelp frå grunneigarane.

Utanom det arbeidet grunneigarane gjer, er Kleivvannet også forskingsområde for naturlinja ved KVS Lyngdal (jordbruksskolen). Arbeidet med kultiveringa skulle såleis vera i dei beste hender.

Vi er svært opptatt av å halde fiskestammen rein, både genetisk og med omsyn til sjukdommar og parasittar. Difor reknar vi med at dei som fiskar i vatnet følgjer vanlege retningsliner og ikkje tilfører smitte t.d. gjennom fiskeutstyret eller ved å nytta levande agn.

I 1998 blei det av grunneigarane tatt ut ca. 3000 aurar, dei fleste i storleiken 100 - 200g, for å regulera bestanden. Dette i tillegg til uttak av yngel og det som blei fiska av andre. Det ser ut til at planen lukkast, sjølv om storleiken framleis ikkje er på høgd med den gode, gamle kleivvannsauren. Men det kjem etter kvart. 

Tidlegare blei det også tatt mykje ål i vatnet og i bekkene i nærleiken, men dette er det stort sett slutt med. Bare noen av dei gamle åleplassane er framleis synlege.

Då vatnet blei kalka, forlangte staten at vi skulle ta betaling for fisket for å finansiere kultiveringa. Dette kravet er nå tatt bort. Det er altså gratis å fiske i vatnet.

Sjølv om Kleivvannet er drikkevatn for hyttefolk og fastbuande, kan du gjerne bade her.

 
Dagens aurefangst klar for steikepanna
Dagens fangst klar for steikepanna.
 
Kart over Kleivvannet
Som det går fram av kartskissa, er Kleivvannet lett tilgjengeleg frå nesten alle kantar. For området mellom Hompland og Stakkeland trengst det båt.

Kart til Kleivvannet

| Om oss | Kleivvannet |Hytta | Torvevegen | Jakt | Gardsdrift |


Send melding

© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 6. august 2019