Kvås bygdelags logo
Kvås bygdelag
Kvås bygdelags logo

 

Slektsarkivet

 

Kaffikoking på vedkubbe
Kokeapparat for kaffi

 

 

 

 

 

To i livleg prat
Direktemetoden i bruk

 

 

 

 

 

 

 

Radio Lyngdal i aktivitet
Birger frå RL i aktivitet

Vemestadtinget 2004

Samlingsstaden var mellom dei gamle gravhaugane i enga like ved elva, tvers ovanfor Tingmoen. På sletta veks det gras, men på og rundt gravhaugane er det ein liten lund, slik det skal vere ved slike haugar. I skuggen under trea er bakken dekka med konvallblad. Her er det samla ei gruppe på 60 - 70 menneske. Nokre sit, andre står eller går litt omkring, men alle følgjer interesserte med når bonden til Myglestøl, som Per Grimsby i denne samanhangen kalla seg, filosoferar om livet i Kvås så langt det er råd å følgja spora nokolunde sikkert bakover i tida. Med ei høveleg blanding av fakta og tankeflog førte han oss stegvis frå nåtida og tilbake til førstninga av vikingtida. Om skiftande sosiale tilhøve og busetnadsmønster, om ulike tilhøve på gardane og om behovet for samkvem mellom folk. Eit samkvem og eit levemønster som i sin tur førte til mange ulike vegar og stigar både på heia og nede i dalen. I kristen tid var det ofte kyrkjevegen som la mønsteret for kvar vegen skulle gå. Før den tid kanskje samlingar ved gudehova eller på tingplassane. Handel og sosialt samvær var vel viktig også for over tusen år sidan.

Når mange menneske er samla, er maten viktig. Det å eta saman er ei inkluderande sosial handling som betyr meir enn bare å stilla svolten. Sjølv om du sit åleine og gneg på ei grillpølse, er du likevel ein del av heilskapen. I matpausen kan ein dele både maten og tankane med andre. Det store samtaleemnet denne gongen var naturleg nok bonden til Myglestøl sine filosoferingar. Praten gjekk livleg, og tre kvarters pause var eigentleg for lite tid.

Då Oddleif Lian plasserte seg på ein av gravhaugane og spann vidare på tankane om livet på denne sannsynlege tingplassen, var ein del framleis ikkje ferdige med den delen av måltidet som har med mat å gjere. Likevel fekk dei nok med seg det han fortalde om funna som blei gjort då gravhaugane blei utgravne på slutten av 1800-talet. Funn som viste at Kvås på ingen måte var ei avsondra bygd langt frå folkeskikken eller den europeiske fellesarven. Mellomeuropeiske glasbeger og andre luksusvarer blei nok bytta mot dyreskinn og andre lokalproduserte varer frå bygda. Kanskje reiste folka sjølv, eller let omreisande kramkarar ta seg av formidlinga. Slik vi kjenner det frå andre kulturar, er det nokså naturleg at tingplassane frå dei tidlegaste tidene oppsto som lokale samlingsplassar der bygdefolket møttes til sosialt samvær og for å handle. På same måten som i dag, vaks desse stadene opp der det var naturleg å møtast, der det var nokolunde sentralt. Større eller mindre vegkryss har vel til alle tider vore aktuelle i så måte.

Ikkje alle gravhaugane er bevarte. Då jordbruksdrifta blei intensivert, var det greitt å ta stein frå haugane til ulike behov. Dessutan var det praktisk å planera enga. Nokre gravminne er likevel att, og dermed la forsamlinga ut på ein rundtur i terrenget for å sjå nærare på desse haugane og andre minne frå folk føre. Spesielt interessant var kanskje Bedehaugen. Ein vanleg gravhaug, men med ein ring av stein rundt rota. Om denne ringen hadde ein spesiell funksjon utover det å vere til pynt, er det kanskje ingen i dag som veit noko sikkert om.

Dermed var samlinga slutt, og vi kunne ta helg. Gravhaugane låg atter i fred i kveldssola. Bare nedtrakka konvallblad og faret rundt enga røpte at ennå kunne folk samlast ved haugane til inspirasjon og ettertanke.

Referatet kan vel helst karakteriserast som tankar inspirerte av dei to karane. Begge førelesarane hadde mykje fyldigare innhald i det dei la fram enn det eg har tatt med her.

Med eit så vellukka arrangement, burde det kanskje vere ein tanke å gjere dette til eit årleg fenomen. Ei samling første helga i juni til grilling kombinert med åndeleg føde. Denne ettermiddagen gav i alle fall meirsmak.

Arrangementet fekk god førehandsomtale i Farsunds Avis og Radio Lyngdal. Likevel var det berre Radio Lyngdal som møtte. Tinget blei faktisk hovudoppslaget måndagen etter. (Ikkje vanleg sending på søndagane).

Både Sørlandssendinga og Fædrelandsvennen var varsla, men kulturstoff frå utkantane av nedslagsområda deira er som vanleg utan interesse for desse to.

 

 

 

 

Heptebonden 
							fortel
Myglestølbonden i aktivitet

 

 

Oddleif Lian fortel
Oddleif Lian på gravhaugen

 

 

 

Forsamlinga
Den originale skoleforma


| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding |


© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 13. april 2016