![]() | ![]() |
![]() Penneteikning av Anders Hestad
|
Med historia i nåtida for framtidaNytt liv i bygdelaget?Kvås bygdelag har vore passivt dei siste 10-12 åra. Nå ønskjer det sitjande styret å blåse liv i laget igjen. Er du litt interessert i arbeidet som bygdelaget gjer, eller har du ønskje om kva eit slikt lag bør engasjere seg i, møt opp på sambrukshuset onsdag 20. april 2016 kl. 1900.Det vil då bli orientert om kva laget dreiv med og om planane for framtida. Deretter blir det årsmøte. (Du kan trygt møte. Dersom du ikkje ønskjer det, blir du heller ikkje vald inn i styret). Etter årsmøtet vil Osvald Egeland orientere om Kvåsfossen laksetrapp. Ingen møte i Kvås utan servering. Laget held seg til den tradisjonen. Kvås bygdelag er ei ideell foreining der alle som bur i eller på annan måte har tilknytning til Kvås er medlemmer. Laget er ei blanding av velforeining, historielag og mykje anna. Hovudoppgåva er å gjere det triveleg i bygda ved å lage til utstillingar med ymse tema, arrangere tilstellingar av kulturell og anna art som kan vera til glede og nytte for bygdefolk og andre interesserte, og elles kva som måtte interessere bygdefolket. Alle aktivitetane er sjølvsagt også opne og tilgjengelege for andre enn kvåsfolk. Bygda set pris på folk utanfrå. Litt av det vi har drive med, er tilgjengeleg i arkivet. Sjå lenkene til venstre her på sida. Etter kvart har det skild seg ut noen større prosjekt. Desse er lista opp nedanfor. Laget har, ferdig eller under arbeid:
Det meste arbeidet blir gjort på dugnad, så innsatsen vil gjerne bli litt rykk og napp etter som den eller dei som arbeider med saka har ånda til det.
|
|
|||
| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding | |
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 13. april 2016 |