Kvås bygdelags logo
Kvås bygdelag
Kvås bygdelags logo

 

 

Spørjeskjemaet:
odt, doc eller rtf

Slektsarkivet

Gamle ferdselsvegar i Kvås

Ferdselsårer frå før hjulet kom

 

Det er berre dei siste 50 åra eller vel det at køyrevegane har vore dei viktigaste ferdselsårene. Det meste av tida det har budd folk i Kvås, var det gangvegane som tok unna det meste av samferdsla. Veidemannen på veg til jaktterrenget eller brurefølgje på veg til kyrkja. Vegane gjekk der folk hadde bruk for dei. Nokre i dagleg bruk, andre sjeldnare. Mønsteret var heilt avhengig av kvar folk budde og kva levesett dei hadde. I vår tid er det mest populært å klumpe seg saman i tettstader, med kort veg til ulike såkalla samfunnsgode og til naboane, sjølv om samkvemmet ikkje aukar merkbart av den grunn.

Det meste av historisk tid har folk budd spreidde utover i geografien pÃ¥ stader det var rÃ¥d Ã¥ skaffe seg mat pÃ¥ eige hand frÃ¥ eigen Ã¥ker eller frÃ¥ utmarka. Kvar familie brukte etter mÃ¥ten noksÃ¥ store areal til Ã¥ livberga seg, og avstanden mellom gardane kunne fort bli noen kilometer i dei omrÃ¥da der jordbruket ikkje var alt for intensiv. PÃ¥ dei større gardane var det gjerne fleire familiar som hadde busett seg i høveleg gangavstand frÃ¥ kvarandre. Garden blei oppdelt i ulike bruk etter behov, og behovet for vegar auka. 

Også i Kvås hadde menneska trong til sosial kontakt og for å kome seg til arbeidsplassen. Dei første gongene fylgde bonden kanskje noen dyretrakk som førte i den retninga han skulle. Seinare blei han betre kjent og kunne etter kvart leggje om vegen slik at han høvde betre til folkebruk. Fylde noen stein i eit blauthol, laga ei bru eller la ut noen stein for å kome over bekken, og kanskje til og med mura opp noen trappetrinn. Blei vegen mykje trafikkert, var det ofte fleire som tok seg ein pause i vandringa og gjorde små utbetringar når dei såg behovet. På høvelege stader, kanskje under ein hellar, kunne det bli laga til raste- eller overnattingsplassar. Når kvar og ein rydda eller bygde litt, kunne staden med tida bli svært så komfortabel både for folk og fe.

Nokre av desse vegane utvikla seg til godt synlege hovudvegar, medan andre var i bruk den eine gongen i året når kornet skulle malast, og er nokså usynlege i dag.

Framleis kan ein finne spor etter desse gamle vegane, men på grunn av endringane i drifts- og bruksmåtane, er mange i ferd med å bli borte. Dette håper bygdelaget å gjere noko med. Etter ein del førearbeid, kom vi endeleg i gang sommaren 2003. Alle grunneigarane i Kvås fekk tilsendt eit registreringsskjema og kart over eigen eigedom. Håpet er at mange kan teikne dei gamle stiane og vegane inn på kartet. Vi vonar også å fange opp eventuelle «rykte» om gamle vegar. Far min hugsa at mor hans viste han noen trappetrinn i Geitlestadskorene der den gamle kyrkjevegen hadde gått. Vi har førebels ikkje funne att desse trappene. I området ligg det ein «Kyrkjestein» som det er bora eit hol i. Denne steinen blei brukt som «kanon» når bruresalutten skulle avfyrast. Eit stykke borte ligg «Friarsteinen». Ein høveleg stad for eit frieri, usynleg frå dei dåverande husa på garden. (Kjenner du att historia? Ho er omtalt i boka om Trygve Haugeland). Naturleg å namnsette steinen til minne om hendinga. I området finst forresten også «Bruleet». I dag er der korkje bru eller le her. Berre bekken og nokre store stein. Sjølvsagt kan også namnet koma av «brudele», men det finst ikkje synlege spor etter dette heller.

Skulle du kjenne til liknande historier eller namnsettingar som kan indikere ein veg, er vi svært interesserte i desse.

Sidan vi først skulle ha kontakt med grunneigarane, var det naturleg å samstundes be om opplysningar om andre minne på garden etter folk føre. Alt frå blåstergroper til kvernhus, frå offerplassar til utløer, steingardar og rydningsrøyser. Sjølv om vi gjorde vårt beste i å finne fram til aktuelle emne i emnelista, har vi t.d. gløymt noe så vanleg som utløer. Ikkje enkelt å få med alt. Er du interessert, kan du sjå ein kopi av spørjeskjemaet i Word- eller i pdf-format.

Opplysningane blir samla i bygdelagets arkiv på Sambrukshuset. Data som kan vere av allmenn interesse vil bli teikna inn på eit kart som blir opphengt på biblioteket.

Ikkje alle er like interesserte i å utlevera garden på denne måten. Ein heilt forståeleg skepsis. Difor blir ingen opplysningar som er gitt på kart, spørjeskjema eller i intervju offentleggjorte utan grunneigaren sitt samtykke og underskrift. Arkivet er berre tilgjengeleg for medlemmene i innsamlingsnemnda.

Prosjektet er støtta av Fylkesmannen i Vest-Agder, landbruksavdelinga, med 40.000 kr og skulle vore avslutta innan 31. desember 2004, men det viste seg å vere mykje meir arbeid enn vi trudde, så vi har fått utsett fristen til utgangen av 2005, med moglege utvidingar.

 

 

 

 

Bilde av grein med is på

Klikk her


  Del gjerne tankane dine med andre.
Du kan sende ein e-post, eller ta kontakt på andre måtar.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Teikning av grindhus
Prinsipp for gammal byggemåte (Grindhus). Desse finn vi oftast bare merke etter. Ein liknande byggemåte blei brukt i utløer og sommarfjøs heilt opp til vår tid, men då oftast på ei form for grunnmur.

 


Nokre eksempel på utfylling

  Eksempel pÃ¥ kart
A. Frå garden til Bjørndalen
B. Frå garden til Hellestøl
C. Frå gardshusa til Terekjerret (vegkryss med hovudvegen nord-sør langs heia).
F. Sledeveg til torvmyr på Stølsheia


Tala viser til stikkorda i skjemaet.
I tillegg:
46. Sommarfjøs, rester
47. Steintrapper. (I området, usikker plassering)
48. Mur etter sauefjøs
49. Rester etter geitehus
21. Mogleg blåstergrop. Ikkje undersøkt.

 

(Kartet og tilvisingslista ikkje fullstendig for denne garden. Meint som eksempel.)

Ta gjerne også med usikre lokaliseringar slik eg har vist i teksten over til høgre og i punkt 47 på kartet. I motsetning til i dagleglivet elles, er vi i denne samanhengen svært interesserte i rykte du har høyrt. «Skal visstnok vere ein veg med steintrapper frå vatnet til grustaket». Sjølvsagt også opplysningar av typen «På vestsida av Stølsheia ligg Snoresteinan. Visstnok plass for rypesnarer.» Den stipla linja viser sannsynleg trasé for veg på nabogardane.
(Dette kartutsnittet viser bare ein del av garden, difor er Terekjerret som er nemnd i punkt C ikkje kome med på kartet).

Alle opplysningar er av det gode.


| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding |


© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 13. april 2016