Kvås bygdelags logo
Kvås bygdelag
Kvås bygdelags logo

 

Spørjeskjemaet:
odt, doc eller rtf

Slektsarkivet

Gamle ferdselsvegar i Kvås

Avslutning

Avdukinga av kartet

Flyfotoet blei avduka av ordførar Ingunn Foss på Sambrukshuset i Kvås 14. januar 2009.

Før avdukinga orienterte Per Grimsby om den opphavlege målsettinga, kvifor resultatet blei nokså annleis enn denne og om erfaringane ein hadde gjort undervegs.

Prosjektet var eineståande i landet. Det var ingen stader å hente inn røynsler frå. Ingen hadde erfaring med slikt. Dermed måtte nemnda setje seg ned og arbeide ut ein prosjektplan. Mykje blei drøfta, mykje blei forkasta og mykje blei igjen. Planen var svært detaljert og innhaldsrik. Det var heilt nødvendig å redusera omfanget.

  • Lærdom 1: Prosjektet mÃ¥tte reduserast til bare Ã¥ gjelde stigar og vegar.

  • Lærdom 2: Vi mÃ¥tte gjere arbeidet sjølv, i samarbeid med grunneigarane.

Dei aller fleste grunneigarane var svært positive til ideen. Nokre skreiv fleire sider om både eksisterande og tidlegare vegar på garden, om vegar ingen visste om i dag, men som skulle vere der ein stad etter som det blei fortald. Ikkje alle budde på garden i dag, så det kunne vere vanskeleg å kome ut i terrenget innan rimeleg tid for å registrera vegane. Andre hadde ikkje tid eller var ikkje i stand til lengre turar rundt om på garden. Resultatet blei altså at nemnda måtte leige folk til å gå opp dei gamle stigane med GPS og deretter overføre data til karta. Når beskrivinga sa at det skulle gå ein veg i området, måtte stifinnaren leite etter kjenneteikn og merke for å finne traseen. Dette arbeidet var tidkrevjande, men vi kom i mål på Austheia til slutt. På Vestheia var det litt enklare. Her budde det folk på fleire av gardane. Difor blei desse samla til eit møte på Sambrukshuset der grunneigarane i fellesskap teikna inn vegar og stigar både på eigen og annanmanns grunn. Også desse blei i ettertid gått opp med GPS for å få så nøyaktige kart som mogeleg.

Nokre få grunneigarar var litt skeptiske til å gi frå seg opplysningar som kanskje kunne legge restriksjonar på bruken av garden. Difor er alle karta og andre opplysningar samla i bygdelaget sitt arkiv der berre styret i bygdelaget og grunneigarane har tilgang til opplysningane.

Dei fleste vegane blei også teikna inn på eit flyfoto over Kvås. Deretter blei det kopiert over på ei aluminiumsplate, ramma nydeleg inn, og hengt opp på ein av veggane i Sambrukshuset.

Prosjektet er godt dokumentert. Skulle du ha planar om å gjere noe liknande i heimemiljøet ditt, får du heller ta kontakt.

Barnevandringane

Ei gruppe som også brukte dei gamle vegane var barnevandrarane. Barn mellom 7 og 15 år som vandra frå dei indre bygdene i Vest-Agder for å arbeide i kystbygdene i Aust-Agder. Difor var det naturleg å trekke inn den som kan mest om dette emnet, Thyra ågedal frå Konsmo til å fortelje om desse vandringane. Ei sår historie om naud og elende i området her for berre 150 år sidan. Om korleis barnearbeidet var heilt nødvendig for at familien skulle overleva.

Det er nå arbeid på gang for å opparbeide og merke vegane barnevandrarane følgde frå Fjotland via Hægebostad og Konsmo til Kristiansand og vidare mot Landvik, Fjære og dei andre mottakarbygdene.

 

 

Thyra ågedal
Thyra ågedal med nistetina

 

 

Mange av medhjelparane fekk ein kopi av flyfotoet som takk for innsatsen

Svein og Ingrid
Mellom andre «stifinnarane» Svein og Ingrid

og

Takk til 
						Andreas
grunneigar Andreas (t.v.)

 

 

Forsamlinga
Eit lite utsnitt av forsamlinga


| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding |


© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 13. april 2016