![]() | ![]() |
Her finn du saker som tidlegare hadde eiga side.
|
Stylegard fekk sjukdomsforfall. I staden presenterte Per Grimsby prosjektet «Ferdselsvegar i Kvås frå før hjulet kom».
Årsmøtet 2001
Berre medlemmer i laget har stemmerett på årsmøtet.
Turen til Ravnåsen søndag 27. august 2000 var svært vellukka for dei ca. som deltok. Vi fekk med oss både naturopplevinga det kan vere å gå rundt i Sørlandsk heieterreng, og fekk samstundes det historiske suset blanda med den varme, naturlege brisen. Murrestane etter husa på garden var nokså vanskelege å finne ut av, så her må ein i tilfelle ha både tid, reiskap og fagkunnskap for å tyda spora. Tilhøva i Rabnåsen (lokal uttale) var nok i alle tydingar prega av gjennomtrek. Geografisk ligg garden høgt og fritt, uskjerma for alle vindar, med nokså karrige tilhøve til livberging. Difor er dette ein gard der historia er prega av at oppsitjarane kom og gjekk med korte intervall. I tillegg til den «offisielle» guiden, Svein Kjørvik, fekk vi også lokalkunnskap formidla av fleire som hadde vakse opp i nærleiken, eller på andre måtar hadde tilknyting til området. Dermed fekk vi høyre om skolevegar, heieslåtter, lyngsviding og opplysningar om stadnamn langs ruta. Vonar desse namna er registrerte i Signe Kvaavik si bok Namn i Lyngdal, del 2 Kvås (Utgitt av Lyngdal kommune 1992). |
|
| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding | |
© Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 13. april 2016 |