![]() | ![]() |
|
|
Arrangement 2005årsmøtet er nå historie. Alle innslaga var vellukka. Takk til alle som deltok. Reknar med at Radio Lyngdal kjem med spreidde innslag frå møtet utover dei næraste dagane.
Toralf Tveiten føyer seg fint inn i rekka av gode kåsørar og andre talarar vi har hatt gjennom åra. Han budde ei tid under krigen i Kvås. Han er pensjonert skolemann, m.a. skoledirektør i Vest-Agder. Som så mange andre pensjonistar, er han travelt opptatt med ting han er engasjert i. Ein mann du nok får høyre meir om utover våren. Prosjektet «Ferdselsvegar i Kvås frå før hjulet» er i gjenge. Store delar av Austheia er ferdig registrert (så langt ein kan kalla eit slikt arbeid som ferdig) og manglar berre å bli plotta inn på karta. Vestheia kjem nå i vår. Dalen i løpet av sommaren, reknar vi med. Eldsjela Per Grimsby vil orientera om stoda slik ho er denne dagen. Treng du hjelp til dette arbeidet, kan du venda deg til ein av dei som står oppførte på skjemaet. Det er årsmøtet som bestemmer kva vi skal driva med vidare i 2005. Har du gode idear og forslag, tar du desse med til årsmøtet. Gjer merksam på at årsmøtet er ope for alle interesserte, men berre medlemmane har stemmerett. Vel møtt. |
| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding | |
| © Innhald og design: Kolbjørn Stuestøl | Stuestøl heimeside | Sist endra 13. april 2016 |