Arrangement 2005 Årsmøtet er nå
historie. Alle innslaga var vellukka. Takk til alle som deltok.
Reknar med at Radio Lyngdal kjem med
spreidde innslag frå møtet utover dei
næraste dagane.
| Årsmøtet 2005
blir halde på Sambrukshuset tysdag 26. april kl
19:00 Vanlege årsmøtesaker.
Frå ca. kl
19:30: - Toralf
Tveiten: Krigen i Hægebostad og
nærliggjande område. Han fortel mellom anna om
onkelen sin, Pål Eiken. Kjem nok også inn
på fortida si som gutunge i Kvås og andre stader.
- Tradisjonell servering.
- Kort
orientering om stigprosjektet.
- Historier og
risper frå Kvås.
- Diskusjonar.
- Andre tilfeldige innslag.
Møtet
er ope for alle, også ikkje-medlemmer.
Ikkje inngangspengar, men ei utlodding.
| Toralf
Tveiten føyer seg fint inn i rekka av gode
kåsørar og andre talarar vi har hatt gjennom
åra. Han budde ei tid under krigen i Kvås. Han er
pensjonert skolemann, m.a. skoledirektør i Vest-Agder. Som
så mange andre pensjonistar, er han travelt opptatt med ting
han er engasjert i. Ein mann du nok får høyre meir
om utover våren. Prosjektet «Ferdselsvegar
i Kvås frå før hjulet»
er i gjenge. Store delar av Austheia er ferdig registrert (så
langt ein kan kalla eit slikt arbeid som ferdig) og manglar bare
å bli plotta inn på karta. Vestheia kjem
nå i vår. Dalen i løpet av sommaren,
reknar vi med. Eldsjela Per Grimsby vil orientera om stoda slik ho er
denne dagen. Treng du hjelp til dette arbeidet, kan
du venda deg til ein av dei som står oppførte
på skjemaet. Det er
årsmøtet som bestemmer kva vi skal driva med
vidare i 2005. Har du gode idear og forslag, tar du desse med til
årsmøtet. Gjer merksam
på at årsmøtet er ope for alle
interesserte, men bare medlemmane har stemmerett. Vel
møtt.
|