Kvås bygdelags logo
Kvås bygdelag
Kvås bygdelags logo

 

Slektsarkivet

Arrangement våren 2004

Årsmøtet 15.4.2004 er nå avvikla, med godt frammøte og godt resultat:

årsmøte 2004
blir halde på Sambrukshuset torsdag 15. april kl 19:00
Vanlege årsmøtesaker.

Frå ca. kl 19:30:

  • Frans Arne Stylegar: Makt og ferdsel i jernalderen. Bygdeborgtida - Ã¥r 1 til Ã¥r 1000.
  • Overraskande servering.
  • Diskusjonar og orientering om prosjektet.

Møtet er ope for alle, også ikkje-medlemmer.

 

Vi ser årsmøtet og neste samling i samanheng med prosjektet «Ferdselsvegar i Kvås frå før hjulet» som skal avsluttast dette året (2004). Mange er i gang med arbeidet, nokre har alt levert inn, medan andre kanskje har lagt dokumenta til sides for å sjå på dei når veret blir lagleg. Eit par stykke har meldt tilbake at dei ikkje vil vere med på dette.

Det store kartet er nå på plass på Sambrukshuset, med grensene for gardane markerte. Gard er i denne samanhangen alt som høyrer til under same gardsnummer.

Frans Arne Stylegar, som stiller opp på årsmøtet, er ein kåsør det er ei oppleving å høyre på. Dessutan er han ein av kapasitetane nettopp innan arkeologi og fornminne med vyer langt utover det ein til vanleg ventar frå ein historikar. Er du i tvil, ta eit søk på internett på namnet hans. I tillegg reknar vi med at Ole Steffen Gusdal, eller ein annan representant frå fylkeskommunen stiller.

I tillegg kan vi også invitere til ei hyggestund og markvandring 5. juni på Vemestad:

Vemestadtinget 2004

Kvås bygdelag inviterer til
tingdag i Vemestadlunden lørdag 5. juni kl 15:30
Vi møtes på hi sida av åna for Tingmoen.

Det er blitt sagt at Lyngdal kommune er svært rik på fornminner, men lite er registrert. Var det tingplass en eller annen plass på Vemestad, eller i nærheten? Vi vil forsøke å finne ut noe om dette, og litt til, ved å se på gamle ferdselsveger og gravplasser i området. Det finnes faktisk mange slike her.

Arkeolog Linn Knutsen vil orientere om tingplasser og aktuelle fornminner. 

Vi fyrer opp grillene.
Ta med grillmat, stol og andre ting du meiner du behøver. 

Etter matpausen vil Oddleif Lian ta oss med på en rundtur i Vemestadlunden.

Har du anledning til det, kunne det være en idé å bruke den gamle ferdselsvegen fra der du bor og til samlinga. Ellers finner du sikkert parkeringsplass i nærheten.

Vel møtt til et sosialt og lærerikt samvær.

Linn Knutsen kunne diverre ikkje kome. Heller ikkje nokre andre frÃ¥ fylkesarkeologen hadde høve til Ã¥ delta denne dagen. Ã…rstida er nok i travlaste laget for desse folka. 

I staden hadde Per Grimsby nokre glimrande betraktningar omkring livet i Kvås før og nå.


| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding |


© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 13. april 2016