|
|
Arrangement våren 2004Årsmøtet 15.4.2004 er nå avvikla, med godt frammøte og godt resultat:
Vi ser årsmøtet og neste samling i samanheng med prosjektet ”Ferdselsvegar i Kvås frå før hjulet” som skal avsluttast dette året (2004). Mange er i gang med arbeidet, noen har alt levert inn, medan andre kanskje har lagt dokumenta til sides for å sjå på dei når veret blir lagleg. Eit par stykke har meldt tilbake at dei ikkje vil vere med på dette. Det store kartet er nå på plass på Sambrukshuset, med grensene for gardane markerte. Gard er i denne samanhangen alt som høyrer til under same gardsnummer. Frans Arne Stylegar, som stiller opp på årsmøtet, er ein kåsør det er ei oppleving å høyre på. Dessutan er han ein av kapasitetane nettopp innan arkeologi og fornminne med vyer langt utover det ein til vanleg ventar frå ein historikar. Er du i tvil, ta eit søk på internett på namnet hans. I tillegg reknar vi med at Ole Steffen Gusdal, eller ein annan representant frå fylkeskommunen stiller. I tillegg kan vi også invitere til ei hyggestund og markvandring 5. juni på Vemestad:
Linn Knutsen kunne diverre ikkje kome. Heller ikkje noen andre frå fylkesarkeologen hadde høve til å delta denne dagen. Årstida er nok i travlaste laget for desse folka. I staden hadde Per Grimsby noen glimrande betraktningar omkring livet i Kvås før og nå. | ||||
![]() |
|||||