Kvås bygdelags logo
Kvås bygdelag
Kvås bygdelags logo

 

 

Slektsarkivet

 

 

Jonsok ved Kleivvannet
Jonsok ved Kleivvannet

Penneteikning av Anders Hestad

Penneteikning av Anders Hestad
(1851-1931). Datert 30.3.1918)

 

Med historia i nåtida for framtida

Nytt liv i bygdelaget?

Kvås bygdelag har vore passivt dei siste 10-12 åra. Nå ønskjer det sitjande styret å blåse liv i laget igjen.

Er du litt interessert i arbeidet som bygdelaget gjer, eller har du ønskje om kva eit slikt lag bør engasjere seg i, møt opp på sambrukshuset

onsdag 20. april 2016 kl. 1900.

Det vil då bli orientert om kva laget dreiv med og om planane for framtida. Deretter blir det årsmøte. (Du kan trygt møte. Dersom du ikkje ønskjer det, blir du heller ikkje vald inn i styret).

Etter årsmøtet vil Osvald Egeland orientere om Kvåsfossen laksetrapp.

Ingen møte i Kvås utan servering. Laget held seg til den tradisjonen.

Kvås bygdelag er ei ideell foreining der alle som bur i eller på annan måte har tilknytning til Kvås er medlemmer. Laget er ei blanding av velforeining, historielag og mykje anna. Hovudoppgåva er å gjere det triveleg i bygda ved å lage til utstillingar med ymse tema, arrangere tilstellingar av kulturell og anna art som kan vera til glede og nytte for bygdefolk og andre interesserte, og elles kva som måtte interessere bygdefolket. Alle aktivitetane er sjølvsagt også opne og tilgjengelege for andre enn kvåsfolk. Bygda set pris på folk utanfrå.

Litt av det vi har drive med, er tilgjengeleg i arkivet. Sjå lenkene til venstre her på sida. Etter kvart har det skild seg ut noen større prosjekt. Desse er lista opp nedanfor.


Laget har, ferdig eller under arbeid:

  • eit noksÃ¥ godt slektsarkiv der alle(?) slektene i KvÃ¥s er registrerte.
    (Pådrivar: Svein Kjørvik, Kolbjørn Stuestøl)
  • ei fyldig boksamling med litteratur om utvandringa til Amerika, donert av Bertin Stuestøl, (kalla seg Ben Benson i USA) i 1997. Emigrantlister, passasjerlister, beskrivingar av den nye verda osv. Registrert med støtte frÃ¥ «Sons of Norway». (Administrert av Lyngdal bibliotek, filial KvÃ¥s. Ansvarleg (var): Jofrid Hauan)
  • eit bildearkiv med motiv frÃ¥ KvÃ¥s
    (Pådrivar: Svein Kjørvik)
  • eit kartarkiv over gamle ferdselsvegar og andre fornminne i KvÃ¥s.
    (PÃ¥drivar: Per Grimsby)

Det meste arbeidet blir gjort på dugnad, så innsatsen vil gjerne bli litt rykk og napp etter som den eller dei som arbeider med saka har ånda til det.

Dei siste åra har eg ikkje fått inn stoff frå styret i bygdelaget.
Sidene om ulike aktivitetar er difor ikkje fullstendige.

Det siste forsøket eg kjenner til, var å få i stand ein konsert med Jan Engervik og Hans Ericsson i 2005. Planen var å ha konserten ved gravhaugane på ytre Vemestad. Jan Engervik var og såg på staden - og halverte straks honorarkravet. Dette ville han gjerne vere med på. Diverre blei det ikkje noko av denne konserten. Sjå Konsert med Jan Engervik

 

Kvåsfossen
Kvåsfossen
Logoen til Bygdelaget er ei stilisert utgåve av fossen, teikna av Andreas Vegge

Ben Benson
Bertin Stuestøl
(Ben Benson)

(Foto: Thor Benson)

 


Vil du vite meir om Kvås?
Kikk innom
Kvås Film

(Mykje god og seriøs humor.)

Siste oppdatering 2015.

 


| 2004 | 2005 | Arkiv | Slekter | Ferdselsvegar | Vemestadtinget | Sluttmelding |


© Innhald og design:  Kolbjørn StuestølStuestøl heimesideSist endra 13. april 2016